Etablerarkurs


Etablerarkurset til Mentor AS er tilpassa personar som har ein forretningside og som dei ønskjer å utvikle vidare.  Kurset er svært praktisk retta inn mot den enkelte sin ide.  Etablerarkuset er difor eit tilbod til personar med forretningside som er konkret på produkt/teneste og kva kundar som vil kjøpe produktet/tenesta.

Etablerarkurset til Mentor AS byggjer på mange års erfaring i etablerararbeid og kursverksemd.  Våre medarbeidarar har gjennomført kurs og rettleiing overfor etablerarar i inntil 20 år.  Det ligg difor mange års arbeid i utvikling og utprøving både for kursdokumentasjon og verktøypakken som har mange praktiske og brukarvenlege malar som vi trener på i kurset.




Som modellen viser, arbeider vi vekselvis med etablerarsamlingar og praktisk arbeid med eigen forretningside.  Dette føregår i inntil 1 år der samlingane vert gjennomført dei 2 - 3 første månadene.  Rettleiaren utfordrar på prioritering av tiltak og gjennomføring og har sett av ca 8 - 9 timar til kvar etablerar.

Tidspunkt for kvar samling tenkjer vi slik: torsdag kl 16.00-21.00 og så held vi fram fredag kl 09.00-16.00.  På samlingane gjennomgår vi faglege tema der arbeidsforma er eigenaktivitet ved erfaringsutveksling og diskusjon i grupper.  Erfaringsutveksling med andre etablerarar i same situasjon, opplever mange som nyttig og er difor eit viktig innslag på alle samlingane.  Vi fokuserer på oppnådde resultat og utfordrar på tiltak i neste mellomperiode.  På siste samling oppsummerer vi med presentasjon av forretningsplanen og handlingsplanen og stakar ut kursen vidare.

Alt vi gjennomgår og dei tiltak ein gjennomfører, vert dokumentert på ein enkel og oversiktleg måte.  Dette forenklar arbeidet med å bruke verktøyet også etter at kurset er avslutta.  Vidare får kvar etablerar boka BedriftsABC’en og tilgang på aktuelle dokumentmalar på internett i tillegg til div. anna skriftleg dokumentasjon.

Kurset vert finansiert og arrangert i samarbeid med NAV.  Deltakaravgifta er kr 900,- og inkluderer heile pakken slik den er skissert ovanfor.  Vi startar samling så fort vi har nok kvalifiserte deltakarar.  Kursstad, lokale og overnatting bestemmer vi når har sett saman deltakargruppa.  Dersom ein treng overnatting og mat, må kvar deltakar dekke dette sjølv. 

For nærare informasjon, ta kontakt med: 
Ronny Mowatt,  97 16 56 70,
ronny.mowatt@mentor.no
Mentor AS, Concordbygget, 6800 Førde

Tilbake