Mentor AS

 

Mentor AS tilbyr bedriftsrådgjeving og har kontor i Førde. Vårt viktigaste  arbeidsområde er innan fagfelta strategi, økonomistyring, markedsføring og leiing.  Kundane våre er etablerarar samt små og mellomstore bedrifter og Sogn og Fjordane er vårt viktigaste  marked.  Likevel har vi etterkvart opparbeidd oss eit betydeleg marked  utanfor Sogn og Fjordane.  Med litt variasjon over tid, er ca 50% av vår aktivitet plassert hos kundar utanfor fylket.  

Medarbeidarane våre har lang og brei erfaring frå industri, bank, tenesteyting og handel.  Dei fleste av rådgjevarane er sertifiserte for å arbeide med landsdekkande utviklings- og kompetanseprogram for næringslivet.

Vi fokuserer på resultatutvikling og styrking av konkurranseevne.   Vårt utgangspunkt er bedrifta sin ståstad og dei utviklingsmulegheiter som bedriftsleiinga og vi ser føre oss.  Vårt viktigaste bidrag er å assistere bedrifta med å sette dagsorden for utviklingsarbeidet, rettleie i metode og bli handlingsretta.  

Vi ønskjer å bli kjende for at vi tek ansvar, gjennomfører og følgjer opp. 

Vi er i dag 6 medarbeidarar.