Gir råd til små og store bedrifter

 Foto: Osland Settefisk AS

Foto: Osland Settefisk AS

Rådgjevarane i Mentor kan hjelpe deg til å forenkle og forbetre arbeidskvardagen som bedriftsleiar. Vi har lang erfaring, solid kompetanse og nyttar ei heilskapleg tilnærming.

Vi ønskjer å vere ein nyttig sparringspartner i strategiske spørsmål og vi kan tilby verktøy og metode i det strategiske arbeidet i bedrifta.

Vi har gjennomført fleire hundre bedriftsutviklingsoppdrag for Innovasjon Norge og fleire fylkeskommunar, i tillegg til oppdrag for einskildbedrifter. Rådgjevarane i Mentor har fått gode evalueringar frå kundane. 75 prosent av deltakarane oppgir at rådgivinga har hatt "svært god" eller "god" nytteverdi.

I arbeidet byggjer vi på moderne metodar og verktøy, blant anna Lean Startup og Osterwalder sine verktøy. Vi utviklar oss ved å delta i internasjonale kurs og konferansar på fagfeltet. 

Mentor tilbyr bedriftsrådgjeving innan følgjande område:

  • Bedriftsetablering
  • Bedriftsutviklingsprogram
  • Bedrifts- og strategianalyser
  • Sals- og marknadsutvikling
  • Handelsanalyser
  • Økonomistyring, budsjettering og finansiering
  • Assistanse ved kontraktsforhandlingar
  • Organisasjons- og leiarutvikling
  • Rekruttering og kompetanseplanlegging
  • Prosjektleiing

Vi jobbar både med etablerarar, handels- og servicebedrifter og små/mellomstore bedrifter som har utfordringar av ulike slag.

VIL DU HA GODE RÅD?
Ta kontakt med ein av våre bedriftsrådgjevarar