Rådgir og kursar gründerar

Våre medarbeidarar har køyrt eitt eller fleire etablerarkurs årleg heilt sidan 1990.  Oppdragsgjevar for etablerarkursa har vore fylkeskommunen, kommunar, kommunale næringsselskap og NAV.

I 2016 og 2017 gjennomfører vi kurs for gründerar innan landbruket som byggjer på same opplegg som for etablerarkursa.  I tillegg har vi avtale med Sogn og Fjordane Fylkeskommune om temakurs innan økonomi, sal, forretningsmodellering og investorkapital.

250 gründerar har fått profesjonell rettleiing av Mentor gjennom etablerarkurs og individuell rådgjeving. 

Alt vårt arbeid byggjer på moderne metodar og verktøy som Eric Ries' Lean Startup og Osterwalder sine verktøy Forretningsmodellen og Value Proposition Canvas (VPC).

Vi utviklar oss ved å delta i internasjonale kurs og konferansar på fagfeltet. På denne måten har vi utvikla ei praktisk tilnærming slik at metode vert eit hjelpemiddel for å skape gode løysingar for kundane.

SKAL DU ETABLERE NY VERKSEMD?

Vi tilrår at du går inn på www.driftig.no for meir informasjon om introkurs, etablerarkurs og temakurs for grunderar.

Ta gjerne kontakt med bedriftsrådgjevar Ronny Mowatt