Leier nasjonalt nærbutikk-program

Mentor AS har sidan 1995 hatt oppdraget med å leie det nasjonale Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar.  Kommunal- og moderniseringsdepartementet er oppdragsgjevar og Helge Schei i Mentor AS er dagleg leiar.  

Merkur-programmet er eit utviklingsprogram for nærbutikkar og distriktsbokhandlar. Målet er å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærbutikk og bokhandel av god kvalitet. Merkur tilbyr opplæring og rådgjeving og arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester.

Mentor har også forvaltninga av den statlege investeringsstøtte-ordninga for distriktsbutikkar, med ei årleg budsjettramme på 28 millionar kroner. Butikkane kan få investeringsstøttte til nødvendig oppgradering av butikken og til drivstoffanlegg i tilknyting til butikken. Mindre butikkar kan også få servicestøtte eller utviklingstsstøtte. 

Mentor har i dag tre tilsette som jobbar med desse oppdraga, saman med 10 sertifiserte Merkur-konsulentar fordelt utover heile Norge. Helge Schei er dagleg leiar, Sissel Karin Hals er avdelingsleiar for støtteordningane og Per Kjetil Jørgensen er kommunikasjonsrådgjevar. 580 daglegvarebutikkar og 50 bokhandlar er knytt til Merkur-nettverket.

Ronny Mowatt har sidan 1999 vore engasjert som Merkur-konsulent, med ansvar for distriktsbutikkane på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane.

LES MEIR: Dette er Merkur-programmet