Mentor AS


Mentor AS tilbyr bedriftsrådgjeving og har kontor i Førde i Sogn og Fjordane.  Dei viktigaste kundane våre er etablerarar og små og mellomstore bedrifter. Rådgjevarane i Mentor er også sertifiserte til å drifte landsdekkande utviklings- og kompetanseprogram for næringslivet.

Mentor har kontrakt med Kommunal- og moderniseringsdepartementet om administrasjon og leiing for det nasjonale Merkur-programmet, som er departementets verktøy for utvikling av dagligvarebutikkar og bokhandlar i distrikts-Norge. Mentor har også forvaltninga av den statlege investeringsstøtte-ordninga for distriktsbutikkar, med ei årleg budsjettramme på 28 millionar kroner.

Heilt sidan 1990 har rådgjevarane i Mentor køyrt årlege etablerarkurs og program for unge gründerar, etter avtale med Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag fylkeskommune. 300 gründerar har på denne måten fått hjelp til utvikle forretningsidé og etablere ny verksemd.

Mentor tilbyr også bedriftsrådgjeving for etablerte bedrifter. Rådgjevarane våre har solid kompetanse på bedriftsutvikling, inkludert økonomistyring, organisasjonsutvikling, strategiske analysar mm.

Mentor AS har i dag seks medarbeidarar med lang og brei erfaring frå bank, media, undervisning, handel, service og industri. Dei fleste av rådgjevarane er sertifiserte for å arbeide med landsdekkande utviklings- og kompetanseprogram for næringslivet.

Vi er oppdatert på moderne verktøy og metodar for rådgjeving og bedriftsutvikling.

Vårt kundeløfte: Vi tek ansvar, gjennomfører og følgjer opp.