PERSONVERNFRÅSEGN FOR MENTOR AS

Sist revidert 22.11.2018

Denne personvernfråsegna informerer om korleis Mentor AS samlar inn og nyttar person-opplysningar. Personopplysningar får vi i hovudsak gjennom skriftleg eller munnleg dialog mellom tilsette i Mentor og kundane våre, deira tilsette og/eller deira leverandørar (t.d. rekneskapsførar). I nokon grad får vi også personopplysningar gjennom at personar er innom nettsida vår, mentor.no.

1             Om Mentor AS

Eigar av denne nettsida er Mentor AS, Firdavegen 6, 6800 Førde. Selskapet har følgjande postadresse: Boks 200, 6801 Førde. Selskapet har organisasjonsnummer 979 984 006. Kontaktperson når det gjeld handteringa av personopplysningar er styreleiar Ronny Mowatt. Han har tlf.nr. 971 65 670 og e-postadresse ronny.mowatt@mentor.no.

 

2             Kva er personopplysningar?

Alle opplysningar om ein identifisert eller identifiserbar fysisk person er personopplysningar. Ein identifiserbar fysisk person er ein person som direkte eller indirekte kan identifiserast ved hjelp av referansar til namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse eller anna.

 

3             Formålet med handsaminga vår av personopplysningar

Mentor lever av å gi råd og rettleiing til kundar. Vi utarbeider også rapportar for kundar og driv undervisning på oppdrag. Dei fleste av kundane våre er selskap, stiftingar, lag, organisasjonar, offentlege føretak osb., altså juridiske, men ikkje fysiske personar, men vi har også ein del enkeltmannsføretak og fysiske personar som kundar.

 

3.1         Personopplysningar vi aktivt innhentar for å løyse oppdrag

Anten kundane er fysiske eller ikkje-fysiske personar, har vi behov for å innhente personopplysningar for å kunne løyse oppdraga våre. Dette gjeld mellom anna opplysningar om styremedlemer, dagleg leiar og sentrale tilsette hjå kunden. Døme på personopplysningar vi ofte innhentar er namn, adresse, e-postadresse og telefonnummer til slike personar. Stundom er vi også avhengige av å innhente slike fysiske personar sine fødselsnummer for å bidra ved t.d. registrering av selskap.

Dette er opplysningar vi berre nyttar for å løyse oppgåvene som oppdragsgivar har gitt oss. Vi tar vare på opplysningane medan vi har eit kundeforhold til oppdragsgivar. Etter avslutta kundeforhold tar vi vare på data så lenge vi ser det som formålstenleg for å kunne hjelpe til med eventuell historikk, om kunden skulle ha behov for det.

 

3.2         Personopplysningar vi får gjennom ditt besøk på nettsidene våre

På nettsidene våre kan du leggje inn kontaktopplysningar i form av namnet ditt, telefonnummer og e-postadresse. Du kan der også leggje inn melding til oss. Denne informasjonen lagrar vi i vårt CRM-system. Opplysningane gir oss høve til å kontakte deg.

Mentor nyttar informasjonskapslar, også kalla cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykkjer du i at vi kan setje desse i nettlesaren din. Cookies er standard internett-teknologi som dei aller fleste nettstadene nyttar. Vi nyttar desse for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarane, som t.d. Opera, Internet Explorer, Firefox og Safari, er innstilte slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies, må du sjølv endre innstillingane i nettlesaren din. Merk at ei endra innstilling kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt for deg.

Mentor.no brukar Google Analytics til å samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva for sider dei er innom.


3.3         Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det ligg føre lovbestemt opplysningsplikt overfor offentlege styresmakter.


4             Rettane dine

Nedanfor får du informasjon om kva for rettar du har i samband med handsaminga vår av dine personopplysningar. Punkta er meint kortfatta å gi deg «idé» om kva for rettar du har. For  meir innsyn i regelverket viser vi til Personopplysningslova (Lov-2018-06-15-38), der EU sin generelle personvernforordning (GDPR) er tatt inn. Vi viser særskilt til kapittel III i sistnemnde dokument. Her er link til lova: Personopplysningslova


4.1         Rett til innsyn (jf. artikkel 15 i GDPR)

På førespurnad frå deg vil du få informasjon om kva for opplysningar vi har lagra om deg og formålet med handsaminga av personopplysningane.

 

4.2         Rett til å korrigere (jf. artikkel 16 i GDPR)

Du har rett til å krevje at vi korrigerer opplysningar om deg som er feil eller ufullstendige.

 

4.3         Rett til å krevje sletting (jf. artikkel 17 i GDPR)

Du har rett til å krevje at vi slettar personopplysningar om deg som det ikkje lenger er nødvendig at vi har, dvs. at opplysningane har blitt irrelevante. Du har med andre ord «rett til å bli gløymt».

 

4.4         Rett til å krevje avgrensa handsaming av personopplysningar (jf. artikkel 18 i GDPR)

I gitte situasjonar kan du krevje at personopplysningane om deg får avgrensa handsaming hjå oss.

 

4.5         Rett til å protestere

Om du meiner at vi nyttar personopplysningar om deg i direkte marknadsføring, har du rett til å protestere mot slik handsaming av personopplysningane.

 

4.6         Rett til å klage til tilsynsmynde

Meiner du at handsaminga vår av personopplysningane om deg er i strid med GDPR eller personvernreglane elles, har du rett til å klage til tilsynsstyresmaktene. Datatilsynet er tilsynsmynde i Noreg. Du kan leggje inn klage på nettsidene deira som du får tilgang til ved denne linken: Hvordan kan jeg klage?
 

5             Har du spørsmål?

Har du spørsmål om ovannemnde eller andre spørsmål til oss, er du velkommen til å ta kontakt.

Kontaktperson i Mentor AS går fram av punkt 1 ovanfor.