Mentor i ny drakt

Vi er stolte over å kunne lansere Mentors nye nettside, med design tilpassa mobil og nettbrett like mykje som datamaskiner. Vi ønskjer på denne måten å bli endå meir synlege og tydlege for nye og gamle kundar med behov for opplæring og bedriftsrådgjeving.

NY NETTSIDE: Her er Mentors nye nettside, med seks medarbeidarar klar for nye oppdrag,

Mentor AS har drive med bedriftsrådgjeving med kontor i Førde sidan 1998. Dei viktigaste kundane er etablerarar og små og mellomstore bedrifter.

Firmaet har i dag 7 medarbeidarar med lang og brei erfaring frå industri, bank, handel, tenesteyting, undervisning og kommunikasjon.  Fleire av rådgjevarane arbeider med landsdekkande utviklings- og kompetanseprogram for næringslivet.

Leier nasjonalt program

Mentor har gjennom mange år hatt oppdrag for Innovasjon Norge (Fram, Alkymisten) både i Sogn og Fjordane og i Sør-Trøndelag. Mentor har også hatt mange oppdrag for Sogn og Fjordane fylkeskommune (etablerarkurs), i tillegg til oppdrag for kommunar og små og mellomstore bedrifter. Rådgjevarane i Mentor har mange styreverv i lokale bedrifter, etter å ha gått gjennom Innovasjon Norges styrekandidat-program.

Firmaet har ein 3-års kontrakt med Kommunal- og moderniseringsdepartementet om administrasjon og leiing for det nasjonale Merkur-programmet, som er departementets verktøy for utvikling av daglegvarebutikkar og bokhandlar i distrikts-Norge. Mentor har også forvaltninga av den statlege investeringsstøtte-ordninga for distriktsbutikkar, med ei årleg budsjettramme på rundt 30 millionar kroner.

Mentor har i dag tre tilsette som engasjert med desse oppdraga og organiserer eit nettverk med 600 daglegvarebutikkar, 50 bokhandlar og 10 sertifiserte konsulentar fordelt over heile Norge.

Vil utvikle Førde

Mentor ønskjer å vere med på å utvikle Førde som eit senter for kunnskapsintensive og kreative verksemder. Firmaet konkurrerer mot større kompetanse-bedrifter i andre deler av landet, til dømes når det gjeld oppdrag for Innovasjon Norge og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Det siste året har Mentor jobba med utvikling av ein strategiplan. Det er klar målsetting å kunne vinne ny kontrakt på vidareføring av Merkur-programmet i 2018.

Den nye nettstaden er utvikla av Gasta design & kommunikasjon i Sogndal, i nært samarbeid med Mentor. Sidene er bygt opp med såkalla responsiv design. Det vil seie at designet heile tida tilpassar seg storleik på den skjermen som sida blir vist på. Nettstaden er laga ved hjelp av web-publiseringsverktøyet Squarespace.