To nye støtteordningar i 2017

I 2017 vil Mentor AS forvalte to nye støtteordningar for nærbutikk og bokhandel i distrikts-Norge. Dei aller minste daglegvarebutikkane skal få betaling for den service dei gir til lokalsamfunnet. Og bokhandlane kan få støtte til å utvikle butikken som ein sosial og kulturell møteplass.

VIKTIG FOR SVANØY: Lokalbutikken er svært viktig for både folk og næringsliv i distrikts-Norge.

Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar er regjeringas viktigaste verktøy for å sikre tilgang til grunnleggande private tenester i område med få innbyggjarar. Bedriftsrådgjevingsfirmaet Mentor i Førde driftar Merkur-programmet etter avtale med Kommunaldepartementet.

Betaling for service

40 av dei minste nærbutikkane i Norge vil neste år kunne få 100.000 kr i støtte til kommersiell service. Butikkar med under 3 millionar kroner i daglegvare-omsetnad og minst 20 km avstand til neste butikk, vil heretter kunne få betaling for den service som dei gir til lokalsamfunnet.

For å komme med i ordninga med service-støtte, må butikkane dokumentere at dei tilbyr eit minimum av servicefunksjonar/tilleggstenester, i tillegg til daglegvarehandel. Aktuelle servicefunksjonar kan vere post, bank, apotek, tipping, kafé, turistinformasjon, kommunal service med meir.

Så små butikkar er ikkje økonomisk lønnsame etter vanlege bedriftsøkonomiske kalkylar. Men ein kombinasjon av dugnadsinnsats og tilleggstenester gjer til at butikkane likevel har overlevd. Ekstra statleg støtte skal vere med på å sikre framtida for desse butikkane, fordi dei er viktige for folk og næringsliv i distrikta.

Støtte til litteraturhus

Bokhandlar i distrikts-Norge har vore ein del av Merkurs kompetanseprogram sidan 2008, men dei har ikkje kunne få økonomisk støtte gjennom Merkur slik som daglegvarebutikkane. No blir det innført ei heilt ny ordning med utviklingsstøtte til bokhandlar som vil styrke butikken som sosial og kulturell arena. Kvar butikk kan søkje om inntil 50.000 kr.

Merkur gjennomførte i 2014-15 eit prosjekt med utvikling av tre bokhandlar på Sørvestlandet. Prosjektet viste at små bokhandlar kan få fleire kundar og større omsetning ved å satse på forfattar-besøk, litteratur-kveldar og kultur-arrangement. No vil alle landets distriktsbokhandlar kunne gjere det same. Det er sett av 500.000 kr til dette formålet i Merkurs budsjett for investeringsstøtte for 2017.

Det er lagt ut detaljert informasjon om dei nye støtteordningane og endringar i dei gamle støtteordningane på Merkurs nettsider.

Alle søknader blir behandlar av rådgjevarar i Mentor AS, men du må søkje gjennom den offentlege nettportalen www.regionalforvaltning.no.