Referansar


Mentor har gjennomført over 350 bedriftsutviklingsoppdrag som er evaluert til god eller svært god nytteverdi for 75 prosent av deltakarane. Mentor har også ansvar for eit nasjonalt program for utvikling av nærbutikkar, på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

  • Ein av rådgjevarane har sidan 1995 leia butikkutviklings-programmet Merkur og har oppdrag på heiltid med dette. 
     
  • Ein av rådgjevarane er fulltidsengasjert i administrasjon og sakshandsaming av tilskots-ordninga i Merkur-programmet.
     
  • Ein av rådgjevarene har oppdrag som kommunikasjonsrådgjevar for Merkur-programmet.
     
  • Fleire rådgjevarar har vore prosjektleiarar for lokale program i Sogn og Fjorrdane.  Desse prosjekta/programma engasjerer konsulentar også utover Mentor AS sitt miljø.
  • Vi har utført fleire "strukturprosjekt", der vi har formidla eigenkapital og/eller nye partnarar.
  • Vi har gjennomført inntil 4 etablerarkurs årleg, med "god" eller "svært god" nytte for deltakarane.
     
  • Vi sit i fleire bedriftsstyrer.  På den måten oppgraderer vi oss i meir operativ jobbing i bedriftene.
     
  • Rådgjevarane i Mentor AS er aktive i utviklingsmiljøa for vidareutvikling av metode innan bedriftsutvikling og etablering.

Spør oss om relevante referansar! 

Vårt kundeløfte: Vi tek ansvar, gjennomfører og følgjer opp.