Bedriftsrådgjeving

Mentor har kontor i Førde og tilbyr bedriftsrådgjeving for små og mellomstore bedrifter. Bedrifta har seks rådgjevarar med lang og brei erfaring frå bank, media, undervisning, handel, service og industri. 
 

Etableraropplæring

Mentor har sidan 1990 køyrt årlege etablerarkurs og opplæringsprogram for gründerar, på oppdrag for Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune og fleire kommunar.

Merkur-programmet

Mentor har hatt kontrakt med Kommunal- og moderniseringsdepartementet om administrasjon av det nasjonale Merkur-programmet for butikkutvikling i 23 år. Ronny Mowatt er Merkur-konsulent for Nordvestlandet.

Styrearbeid

Rådgjevarane i Mentor har lang erfaring med å ta oppdrag som styreleiarar eller profesjonelle styremedlemmer for bedrifter som har behov for å få tilført ekstra kompetanse.