Tar oppdrag som styremedlemmer

Rådgjevarane i Mentor har lang erfaring som styreleiarar og som styremedlemmer for bedrifter som har behov for å få tilført kompetanse.

Mange små og mellomstore bedrifter hentar ikkje ut potensialet for utvikling som ligg i målretta og profesjonelt styrearbeid. Effektivt styrearbeid føreset kunnskap, erfaring og gjerne eit godt kontaktnett.

Mentor kan hjelpe deg til å strukturere styrearbeidet og setje saman rett styrekompetanse for di bedrift. Gjennom godt styrearbeid kan ein legge grunnlag for vekst og lønsemd. 

Fleire av rådgjevarane i Mentor har gjennomført Innovasjon Norge sitt styrekandidatprogram. Vi følgjer strenge reglar for habilitet og tek aldri på oss oppdrag der det kan bli stilt spørsmål om vår habilitet. 

Når rådgjevarane er aktive både som styremedlemmer og styreleiarar i bedrifter, kjem vi tett på avgjerdsprosessar.  Dette gjev oss læring og forståing som er viktig for utviklingsoppdrag også i andre bedrifter. 

HAR DU BEHOV FOR STYREKOMPETANSE?
Ta kontakt med ein av våre rådgjevarar